FERD

 

MUSIKKEN MIN

 

HEI

Hei! Eg er Kjartan Lauritzen og eg er berre ein vanlig ung mann i fra ei lita bygd på vestlandet som heiter Balestrand (også kalt Kunstbygda og Perla ved Sognefjorden). Eg blei fødd på sjukehuset i Førde i 1995 og har sida dagen eg spratt ut vore interessert i tull og tøys! Eg hadde ikkje så stor interesse av musikk før på ungdomsskulen då eg fekk ein gitar av min far, og fann fort ut at eg skulle bli rockestjerne. Etter vidaregåande visste eg at rockemusikk ikkje heilt var vegen og gå for å bli rockestjerne lenger (Rap is the new Rock n Roll - Kanye West ^^) og byrja derfor å studere Musikkdesign i Bergen. Der byrja eg å lage beats og byrja å rappe med to kameratar som heiter Askjell og Truls og vi forma Kjartan Lauritzen Quartet. Etter ei stund blei Askjell så forbanna god at han måtte produsere for store artister og Truls flytta tilbake til Oslo for å finne seg arbeid. Eg gav ikkje opp og endra navnet til Kjartan Lauritzen, slapp mine første låter på Soundcloud, møtte Vibbefanger og resten er historie....... ^^